toppbilde-matthias.jpg

– Å jobbe med skuleelevar, realfag og Newton er nesten uslåeleg

12 okt 2022

Matthias har som overordna mål å ha det gøy, leve livet og vere der for andre. Og han elskar jobben sin som Newton-lærar.

Kven:  Matthias Zimmermann

Kor:  Newtonrom Kvinnherad, Vestland

Bakgrunn: Eg  er utdanna biolog med fordjuping i botanikk, biokjemi og mikrobiologi. Kjem opprinnelig frå Tyskland og flytta til Noreg i 1998. Tok PPU på Høgskulen i Vestlandet/Bergen og har jobba på Kvinnherad vgs og Rosendal ungdomsskule (er fortsatt der i 50%).

På privaten: Gift og har to vaksne born

Alder: 59 

Newton-lærar sidan: 2020

Mitt Newton-rom: Newton Kvinnherad ligg i administrasjonsbygget til Hydro på Husnes. Våre hovudtema er energi, programmering (både Lego og Beebot) og vi køyrer ein modul om fisk for barnehagar. Vi held akkurat på med å undersøke nye moduler som vi har lyst å utvikle eller ta i bruk. Vi er et klasserom for heile kommunen som har 16 skuler og 8 barnehagar. Dessutan skal vi vere ein kunnskapshub for programmering i kommunen. Vi er også pådrivar for deltaking i First Lego League, der vi deltar med to lag i år.

Vi er to lærarar som er tilsett i 50 prosent kvar. Eg jobbar vanlegvis på ungdomsskulen og Helena jobbar vanlegvis på barneskulen.

Matthias-collage.jpg


– Kva for morgonrutinar har du? 

– Gå ein liten tur med dachshunden Emma.

–  Kva er din guilty pleasure? 
– Ein kopp te på altan uansett vér, eg har litt overbygg på altan. Av og til ei tobakkspipe på same altan.

– Kva synest du er best med å vere Newton-lærar? 
– Synest alltid det er kjempegøy når du ser glimt i auga når dei har fått noko til som dei ikkje trudde dei fekk til. Få vist og brukt utstyr som skulen elles ikkje har råd til.

– Kva er det kjekkaste å lære bort?   
– Å lære elevar at det ikkje er eit problem, det er berre ei utfordring som kan løysast. Og å lære bort nye teknologiar som skal hjelpe dei på veg.

– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet? 
– Det største ynsket mitt er at dei skal gå heim med følelsen «Yess, eg klarte det og eg har lært noko som eg ikkje kunne då dagen starta». Og at læraren også har fått kanskje litt fleire idear til undervisning. 

– Har du ei god historie frå Newton-rommet ditt? 
– Ein elev fra 5. trinn som nett hadde lært seg å programmere ein LEGO-robot, hadde ikkje lyst å fere heim igjen med klassen og så  spurde han til slutt « Er du her i kveld? Pappa kan sikkert køyre meg ut til Newton-rommet!»

– Korleis kan vi motivera barn og unge til å velje realfag? 
– Ved å vise at det er gøy og at ein kan vere kjempekreativ.

– Kva ville du jobba som dersom du ikkje var Newton-lærar?
– Eg har jobba nokre år som forskar på universitetet før eg flytta til Noreg. Der har eg jobba med strålebiologi, blant anna med plantefrø som blei sendt opp i verdsrommet. Dette var utroleg gøy, dette kunne eg tenkje meg og å jobba meir med. Eg kunne og tenke meg å jobbe som skogsarbeider langt inn i skogen i Canada. Men å jobbe med skuleelevar, realfag og Newton er nesten uslåeleg.

– Korleis ladar du batteriane på fritida? 
– Eg likar å gå til fjells elles slå meg laus i hagen. Og helst vil eg da ha hunden min med. Eg kan også bruke mykje tid på matlaging. Elles er eg kommunepolitikar og sit i kommunestyre. Dette kan vere med å lade batteriene viss ein få skikkeleg gjennomslag på noko, men det kan óg gå andre vegen. 


– Nemn tre ting som står på din bucket-list? 
– Har eigentleg ikkje så mykje som er i nærleiken av ei bucket-list.  Det er meir overordna mål som å ha det gøy, leve livet og vere der for andre. Å ha eit lite økologisk fotavtrykk er også viktig for meg.