Kven: Helena Espevik
Kor: Newton Kvinnherad i Vestland fylke
Bakgrunn: Eg er utdanna grunnskulelærar for 5.–10. trinn med fordjuping i matematikk og naturfag, i tillegg til litt utdanning i andre fag. Eg har òg mastergrad i IKT i læring, noko som passar godt inn i kvardagen på Newton-rommet.
På privaten: Eg er oppvaksen og bur i Kvinnherad saman med sambuaren min og katten vår, Milo – som eigentleg skulle vere ein hannkatt, men viste seg å vere ei ho! Ho har for lengst teke rolla som sjef i huset, og har til og med sin eigen TikTok-karriere.
Alder: 28 år
Newton-lærar sidan: 2021 då rommet opna.

Helenes første undervisningsdag i Newton-rommet i 2021. Foto: Håvard Sætrevik (Grenda)
Mitt Newton-rom: Newton Kvinnherad er eit rom med høg aktivitet og varierte veker. Me har besøk frå både barnehagane, barneskulane og ungdomsskulane i kommunen vår. Rommet er i stadig utvikling, og me tilbyr fleire og fleire modular. Me har god støtte frå næringslivet lokalt, og det er med på å gje oss ekstra moglegheiter. Det beste med rommet er likevel dei kjekke elevane og borna som kjem på besøk – her er det alltid god stemning og mykje læring.
– Kva for morgonrutinar har du?
– Siden eg ikkje er noko morgonmenneske, så liker eg å stå opp når alarmen ringer for å stelle meg og pakka i sekken, så er det rett i bilen.
– Kva er din guilty pleasure?
– Å sjå på 90 Day Fiancé
– Kva synest du er best med å vere Newton-lærar?
– Det beste med å vere Newton-lærar er at eg får jobbe med noko som er skikkeleg gøy, både saman med elevane og gjennom å arrangere arrangement som FIRST LEGO League. Eg likar friheita til å teste ut nye ting og vere med på å utvikle rommet vårt vidare. Og så er det veldig kjekt å vere ein del av Newton-nettverket. Aller best er det når elevane opplever meistring og ser at det dei har laga faktisk fungerer.
– Kva er det kjekkaste å lære bort?
– Programmering med SPIKE Prime, det er kjekt når elevane plutseleg forstår alle moglegheitene og testar ut mykje forskjellig.
– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
– Eg håpar elevane sit igjen med at realfag er både gøy og praktisk. Håpar òg at dei oppdagar kor mykje realfag som finst rundt dei, både i kvardagen og i ulike yrke. Samtidig ønskjer eg at det skal vere ein dag som er annleis enn vanleg skule. For lærarane håpar eg det gjev inspirasjon til å teste ut nye ting, og at dei får sjå elevane sine meistre og imponere.

Laget som vann FLL i Kvinnherad i 2024 framførte prosjektet sitt framfor publikum lokale bedrifter i kommunen og oppvekstsjef. Foto: Cassandra Grundtvig Jespersen
– Kan du fortella ein god historie frå Newton-rommet ditt?
– Me hadde ein elev på besøk som lærarane var usikre på om i det heile tatt kom til å møte opp den dagen. Dei visste heller ikkje om eleven kom til å få noko utbytte av dagen. Ikkje berre møtte eleven, han var ein av dei mest aktive i gruppa. Han viste og lærte vidare til dei andre. Det er så kjekt når elevar får skinne på den måten og overraskar både seg sjølve og dei rundt seg.
– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
– Eg trur me må få dei interessert tidleg. Dei må få jobbe med ting dei synest er spanande, og få prøve ut eigne idéar. Det må vere lov å feile og teste hypotesar. Samtidig må me vise at realfag er praktisk og nyttig, og at det finst overalt. Det hjelper òg å gje dei førebilete, som kan vise kor mange moglegheiter som finst vidare.
– Kva ville du jobba som dersom du ikkje var Newton-lærar?
– Om eg ikkje hadde vore lærar, hadde eg nok arbeida med noko innan havbruk eller økonomi
– Korleis ladar du batteriane på fritida?
– Eg ladar best ved å reise og oppleve nye plassar, eller berre gå ein tur og få frisk luft.
– Nemn tre ting som står på din bucket-list?
– Besøkje Sør-Korea og oppleve kulturen, maten og bylivet i Seoul
– Reise til Thailand for strandliv og avslapping
– Ta ein rundtur i Europa for å utforske nye byar og land.