Bee-Bot

Bee-bot og humleliv

5 år

2 t + for-/etterarbeid

2463

I Bee-bot og humleliv skal barna lære om humler og humlenes liv, og dei skal bli kjende med grunnleggjande algoritmisk tenking gjennom leik og programmering av små robot-humler (Bee-bot). Barna skal undre seg over korleis humler og bier klarer å skaffe seg mat, pollenspreiing og det å lage honning.

Dette er gjerne barna sitt første møte med Newton-rommet. Leik og det å bli kjende i rommet er også eit viktig mål.

Kort modulplan:
INTRODUKSJON OM HUMLER (amfi): 
* Barna syng, deltek i samtale, helser på Humle Brumle, studerer ein blomst og ser ein kort animasjonsfilm.
VI ER HUMLER (på golvet):
* Barna leiker humler.
ROBOTPROGRAMMERING (på golvet): 
* Introduksjon til Bee-bot, barna programmerer humla til å følgje ein veg til blomstrane, leik med Bee-bot.
DIALOG OG SANSEINNTRYKK (amfi):
* Kva kan vi gjere for å hjelpe humlene, samtale, bevisstgjere sansar, smake og lukte på honning, ulike humle-artar.

Det er fint om planen for modulen er fleksibel slik at det blir tid til spørsmål og innspel frå ungane. Barna må oppfatte at dei blir tatt på alvor, og at dei er med på å forme innhaldet i modulen.