Bee-bot og humleliv
5 år
1 t 30 min + for-/etterarbeid
3134
I Bee-bot og humleliv skal barna lære om humler og humlenes liv, og dei skal bli kjende med grunnleggjande algoritmisk tenking gjennom leik og programmering av små robot-humler (Bee-bot). Barna skal undre seg over korleis humler og bier klarer å skaffe seg mat, pollenspreiing og det å lage honning.
Dette er gjerne barna sitt første møte med Newton-rommet. Leik og det å bli kjende i rommet er også eit viktig mål.
Kort modulplan:
INTRODUKSJON OM HUMLER (amfi):
* Barna syng, deltek i samtale, helser på Humle Brumle, studerer ein blomst og ser ein kort animasjonsfilm.
VI ER HUMLER (på golvet):
* Barna leiker humler.
ROBOTPROGRAMMERING (på golvet):
* Introduksjon til Bee-bot, barna programmerer humla til å følgje ein veg til blomstrane, leik med Bee-bot.
DIALOG OG SANSEINNTRYKK (amfi):
* Kva kan vi gjere for å hjelpe humlene, samtale, bevisstgjere sansar, smake og lukte på honning, ulike humle-artar.