19LOK_P1Z3969_1_xx1.jpg

Hardingfele og realfagsglede i perfekt harmoni

13 des 2024

Ragnhild Blikberg kombinerer kreativitet og realfag. Møt den kulturglade Newton-læreren frå Voss.


Kven: Ragnhild Blikberg

Kor: Newton Voss, Vestland fylke

Bakgrunn: Utdanna innan matematikk og informatikk ved Universitetet i Bergen, har arbeidd som forskar ved ved Bergen center for computational science i 12 år, før eg fylgde draumen og vart lærar for 15 år sidan. 

På privaten: Bur saman med mann og to ungdomar.

Alder: 52 år

Newton-lærer siden: 2017

Mitt Newton-rom: Newton-rommet på Voss trur eg vert rekna for å vera eit kreativt Newton-rom. Når me pønskar ut nye måtar å lære frå oss realfag på, då kosar me oss maks!

Newton_voss.jpg
Newton Voss. Ragnhild saman med Atle, Synne og tidligere Newton-lærer Trond.


– Kva for morgonrutinar har du? 
– Eg står opp før eg må, for å få litt ekstra tid til å nyta kaffien ved frukostbordet. 

– Kva er din guilty pleasure? 
– Det er smågodt og reality-TV.

– Kva synest du er best med å vere Newton-lærar? 
– Å få lov til å vera kreativ sjølv, samtidig som eg får oppleva elevar som får utfordra sin eigen kreativitet og lærarar som ser elevane sine i eit nytt lys.

– Kva er det kjekkaste å lære bort?   
– Energiovergangar i Energisk-modulen, synst eg er kjekt. 

 

IMG-9026.jpg

Ragnhild har akkurat landet i Bodø, på vei til Newton nettverkssamling. Foto: Trond Herfindal

– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
– Ein annleis dag, der tida har flydd av garde og elevar klagar over at det vart for mange friminutt. Eg ynskjer at lærarane skal verta imponerte og stolte over kva elevane får til og få inspirasjon til å prøva nye ting sjølve. 

– Har du ei god historie frå Newton-rommet ditt? 
– Me hadde ein gong besøk av ei jente som kom heim og fortalte faren at ho hadde hatt «den beste dagen». Faren spurte om ho meinte «den beste skuledagen». Jenta svara «nei, den beste dagen ever!». 

– Korleis kan vi motivera barn og unge til å velje realfag? 
– Å gjera naturfagundervisninga praktisk og knyta den opp til teori trur eg er viktig. Elevar treng også førebilete, så å la dei få treffa unge vaksne som er byrja å studere realfaga eller som har starta i jobb, trur eg vil gje elevane nokon dei kan identifisere seg med.  

– Kva ville du jobba som dersom du ikkje var Newton-lærar?
– Då ville eg ha vore rektor i kulturskulen. 

– Korleis ladar du batteriane på fritida?
– Eg har spela hardingfele sidan eg var lita og er glad i å dansa, men eg likar også å slappe av i sofaen saman med familien. På ferieturar i bubil koplar eg skikkeleg av. 

– Nemn tre ting som står på din bucket-list? 
– Eg har allereie gjennomført alt som stod på bucket-lista mi. :-)

Foto hovedbilde: Vidar Herre