profilbilde Trond Inge Loekkeboe_hoved.jpg

– Hobbyfiskaren frå Kinn

24 mai 2024


Trond Inge Løkkebø i Newton Kinn likar fiske, friluftsliv og har potetgulltips til helga! Og synest det beste med å vere Newton-lærar er å møte ungar som gleder seg til undervisning

Kven: Hobby

Kor: Newton Kinn, Vestland fylke

Bakgrunn: Ganske variert utdanning etter ni år som student i Sogndal. To år elektro/automasjon, bachelor Akvakultur, bachelor økonomi og IT, ppu og litt ekstra engelsk og matematikk.

På privaten: Tre eigne barn på 10-13-16 og tre vaksne bonusbarn, sambuar med Stine.

Alder: 71-modell

Newton-lærer sidan: Siden etableringa av Newton i Flora og vi var vel i gang hausten 2017.

Mitt Newton-rom: Litt eigenarta drift med eigne Newtonlærere frå kvar skule. Kjekt å vere mange saman om planlegging, sjølv om ein alltid er aleine som Newton-lærer i undervisinga.

 

Kurs.jpg


– Kva for morgonrutinar har du? 
– Seint opp og mykje kaffi!

– Kva er din guilty pleasure? 
– Chips, og den nye favoritten er Coop Extra sin eigen chips. Den har store flak som ikkje setter seg i tenna.

– Kva synest du er best med å vere Newton-lærar? 
– Ungar som gleder seg til undervising, og som får rom til å utforske.

– Kva er det kjekkaste å lære bort?
– Det er å få jobbe med levande yngel og programmering av robotar.

–  Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
 – Dette er eit litt kjedelig svar, men kontakt mellom teori og praktiske problemløysing.

– Korleis kan vi motivera barn og unge til å velje realfag? 
– Å vise nyttefunksjon og la dei bli trygge med god forståing av grunnleggande matte.

– Kva ville du jobba som dersom du ikkje var Newton-lærar?
– Det hadde truleg blitt noko med animering for oppfinnere, eller sjarkfiskar!

– Korleis ladar du batteriane på fritida?
– Da går turen til fritidsboligen i vakre Rognaldsvågen, øyidyllen ytterst i havgapet.

– Nemn tre ting som står på din bucket-list? 
– Det er å fiske ein fisk på over 20 kg, kjøre vannscooter og å bli passelig gammal.