Kven: Gina Brøste Rundtom
Kor: Volda
Bakgrunn: Allmennlærar med etterutdanning i naturfag
På privaten: Sambuar og mor til to, fotballtrenar for Jente 8 og avdanka fotballspelar.
Alder: 41
Newton-lærar siden: Hausten 2025
Mitt Newton-rom: Newton Møre, Volda
Gina Brøste Rundtom har vore Newton-lærar ved Newton Møre i Volda sidan rommet opna i september 2025.
– Kva for morgonrutinar har du?
– Dagen startar alltid med ein kaffi medan eg vekker ungane. Her er ikkje alle morgonar like, men eg er så heldig å kome til ferdig frukost så lenge mannen ikkje er borte på jobb. Målet er at vi alle kjem oss ut døra til rett tid, relativt reine og med mat i magen utan store kjensleutbrot frå verken store eller små.
– Dersom du kunne møte éin kjend forskar, frå fortida eller notida, kven ville det ha vore – og kvifor?
– Her må eg noko gå for Charles Darwin. Det hadde vore fantastisk å høyre han fortelje om korleis han jobba med å kartlegge artar, om turen til Galápagosøyene og om hans teoriar kring korleis artar har oppstått og utvikla seg.
– Kva synest du er best med å vere Newton-lærar?
– Det beste med å vere Newton-lærar er at eg får møte veldig mange elevar og kollegaer, og at eg kan vere med dei i faglege og praktiske utfordringar og meistring
– Kva er det kjekkaste å lære bort?
– Det er mykje som er kjekt å lære bort på Newton-rommet, men favorittane er nok det som er knytt veldig direkte opp mot naturen, slik som «Humleliv og Bee-bot» og «Frå rumpetroll til frosk»
– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
– Først må eg jo seie at eg håpar dei får ei god oppleving av rommet i seg sjølv, for det er jo så fint, tilrettelagt for mykje undring og læring. Eg håpar alle som er der på opplegg kjenner at dei kan forstå og meistre naturfag og matematikk, og at dei kan nytte samarbeid og kreativitet for å kome til gode løysingar.
– Korleis kan vi best motivere barn og unge til å velje realfag?
– Eg trur vi må vise ungane at realfaga er noko for alle. For nokon er realfaga meir tilgjengelege om dei kan få gjere oppdagingar gjennom praktisk utforsking, og då må vi legge til rette for det. Om fleire opplever at dei meistrar faget i grunnskulen, vil også fleire velje desse faga på vgs.
– Kva var det som i utgangspunktet vekte interessa di for realfag?
– Eg har alltid vore glad i matematikkfaget, og biologi og anatomi har også vore ting eg har funne interessant. Det som knyttast direkte opp mot korleis menneskekroppen og naturen kring oss fungerer fenger meg. Dessverre har eg alltid sett på fysikk og kjemi som veldig komplisert, men då eg tok naturfagstudiet for nokre år sidan innsåg eg at eg berre måtte godta ein del ting som fakta, utan at eg nødvendigvis forstod dei på eit djupt nivå, det gjorde dei kompliserte tinga litt lettare.
– Korleis ladar du batteriane på fritida?
– Det blir fort ein TV-serie saman med min gode halvdel etter at ungane er i seng. For meg er fotballspeling med Volda Dame2 ein fin måte å både få trent, få ut litt gruff og vere sammen med bra folk.
– Nemn tre ting som står på din bucket-list?
– Eg har nok ikkje noko slik liste, men kanskje det hadde vore lurt å lage seg ei. Eg har lyst til å vere på ulike turar med familien, både korte og lange, på beina og med bil, i telt, hytte og på hotell, både med familie og vener. Kvardagane går så fort, så små avbrekk frå planlegging, klesvask og Spond er høgt verdsett.

Newton Møre, Volda opna i september 2025. Rommet er etablert gjennom eit samarbeid mellom FIRST Scandinavia og Sparebanken Møre.