Elektriske krinsar
Anbefalt for: 11-13 år
3 t + for-/etterarbeid
4162
Tema: Elektriske krinsar
Målgruppe: 5-7. klasse
Tidsramme: 3 timar
Tal på elevar: Inntil 16
Læringsmål:
- Eg kan forklare kva som kjenneteiknar ein slutta straumkrins.
- Eg kan beskrive kva som kjenneteiknar materiale som leier straum, og materiale som isolerer.
- Eg kan lage ein enkel elektrisk krets med lys.
Kompetansemål frå læreplanen:
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet.
- designe og lage et produkt basert på brukerbehov
Aktivitetar i modulen:
Aktivitet 1: Slutta straumkrins med og utan brytar
Elevane skal utforske korleis ein kan lage ein slutta krets med enkel brytar. Gjennom aktivitet og samtale lærer dei om straumflyt og korleis brytaren påverkar krinsen.
Aktivitet 2: Leiarar og isolatorar
Elevane testar ulike materialar for å sjå kva som leiar straum, og diskuterer kvifor nokre materiale er gode leiarar medan andre fungerer som isolatorar.
Aktivitet 3: Kreativt lyskort
Elevane designar og lagar sine eigne kort med LED-lys, der lyset blir tent når ein trykkjer på ein "brytar". Dei nyttar koparteip og LED-komponentar for å byggje ein fungerande straumkrins.
Velkomen til ein elektrisk og praktisk dag på Newton-rommet! ⚡💡