Aksjon redning (SPIKE Prime)
10 år
4 t 30 min + for-/etterarbeid
Det har gått eit ras over vegen! Robotane Finn, Rigmor og Sølvi skal hjelpe til i oppryddingsarbeidet. Finn skal finne raset med sin ultrasoniske avstandssensor. Rigmor ryddar kampesteiner bort frå vegen med sin doser-arm. Sølvi søker etter oljesøl på vegen med sin fargesensor.
For å lykkast med dette arbeidet, må elevane løyse ulike programmeringsoppgåver. I denne modulen lærer elevane grunnleggjande algoritmisk tenking og enkel blokkbasert programmering. Modulen er tilpassa 5. trinn.
Gjennom denne Newton-dagen får elevane lære grunnleggjande, strukturert blokkprogrammering. Vi jobbar med ein tenkt situasjon der det har gått eit steinras. Elevane skal programmere robotar frå LEGO SPIKE Prime til å utføre ei rekke oppgåver knytt til opprydding etter raset.

Elevane skal arbeide i par gjennom heile dagen, og dei startar med å bygge ekstrautstyret på robotane sine, med utgangspunkt i en standard køyrebase. Vidare introduserast dei for viktige fagomgreper innanfor programmering, blant andre vilkår, variabel og løkke. I tillegg til den innledande bygginga, er det tre aktivitetar i modulen. Dei to første aktivitetane førebur den tredje, som er sjølve redningsaksjonen. Kvar aktivitet oppsummerast med samtale i plenum, og ved at enkelte elevar får demonstrere sine løysingar. I oppsummeringane vil vi legge vekt på bruk av relevante fagomgrep.
Robotane er godt egna verktøy for både elevar og lærarar. Elevane får umiddelbar og presis tilbakemelding på arbeidet, og lærarane får tydeleg visualisert måloppnåinga.
Modulen høver for elevar med liten eller inga erfaring i programmering, men den er også fleksibel og åpen, slik at meir erfarne programmerarar kan utfordrast. Undervisningsopplegget er tilpassa kompetansemål i matematikk på 5. trinn etter LK20.
DAGENS AKTIVITETAR:
Robotbygging: Elevane bygger ekstrautstyr på 3 ulike LEGO-robotar - 1 per par.
Akt. 1: Programmering med variablar og vilkår: Elevane lagar program for bevegelse, samt bruk av verktøy/sensorar.
Akt. 2: Programmering med løkker: Elevane lagar program for varsellys og sirene.
Akt. 3: Aksjon redning: Elevane bruker det dei har lært i aktivitet 1 og 2, og lagar program som gjer at robotane kan løyse oppdraget på robotmatta.
I Aksjon redning skal elevane prøve ut ulike algoritmer og program, og diskutere og argumentere for eigne programmeringsval. Newton-lærar rettleier elevane undervegs i val av strategiar.