Micro:bit fyrste møte

13 år

3 t + for-/etterarbeid

2810

Kom i gang med spennande programmering av Micro:bit! Her får elevane nytte ulike aktivitetar for å lage enkle program. Dei lærer om logiske og matematiske kommandoar, og dei vil lære å bruke variablar. Opplegget nyttar Micro:bit for å prøve ut programma og MakeCode med blokkprogrammering til å skrive programma. Modulen vert avslutta med ein kjekk konkurranse.

Modulen "Micro:bit fyrste møte" består av følgjande element:

Førearbeid på skulen (3 timar)

 

Elevane skal arbeide med temaet programmering før dei kjem på Newton-rommet. Det gjer at ein under Newton-dagen kan setje fokus på kva som er unikt med Micro:bit’en og korleis ein programmerer denne. Modulen er altså tenkt å være det fyrste møtet med Micro:bit’en, men ikkje det fyrste møtet med programmering.

 

Elevane skal i førearbeidet jobbe med desse punkta:

  • Lære ord og omgrep
  • Forstå algoritme, vurdere eigne og andre sine algoritmar
  • Lage enkle program med blokkprogrammering

 

På Newton-rommet (3 timar)

 

Opplegget på Newton-rommet er meint å vare i 2,5 klokketimar. Her er pausar inkludert, så tid saman med elevane vert om lag 3 skuletimar. Elevane arbeider i par heile tida. Dei skal ha kvar sin Micro:bit og kvar sitt nettbrett/pc.

Elevane skal arbeide med desse punkta:

  • Lære å kjenne Micro:bit'en
  • Overføre program til Micro:bit'en
  • Lære å bruke programmet MakeCode
  • Lage enkle program i MakeCode
  • Forstå bruk av variabel

 

Dagens gang:

  1.  Dagen startar med velkomen og ein inspirasjonsvideo som BBC har laga. Videoen har som tema «Kan lærarar erstattast av robotar». Dette opnar for drøftingar av kva som let seg programmere, og kva som egnar seg for programmering.
  2. Vidare får elevane pc eller nettbrett til å programmere. Ved hjelp av programmet Makecode lagar ein eit program som får eit hjarte til å blinke på den virtuelle Micro:bit’en i programmet. Dette gjer ein stegvis med forklaring på tavla. Her er det ein stor fordel med ei interaktiv tavle som lærar kan bygge programmet på.
  3. Når alle har fått til dette fyrste programmet, er det tid for å dele ut Micro:bit’ane. Ein tek då ein rask gjennomgang av desse og korleis ein koplar dei saman med pc eller nettbrett. Elevane får så overføre sitt blinkande hjarte til micro:bit'en.
  4. Resten av dagen går ut på å presentere stadig meir utfordrande oppgåver dei skal løyse med programmering. Oppgåvene vert presenterte for elevane samla. Dei arbeider i par. Ein drøftar så ulike løysingar.
  5. Ein avsluttar med ei oppsummering der ein nyttar Micro:bit'ane som verktøy for å svare på oppgåvene.

 

 

Etterarbeid på skulen (ca. 2 timar)

 

Besøket på Newton-rommet vil ikkje gje elevane fullverdig kompetanse i alle læremåla. Denne modulen legg opp til at elevane skal jobba med Micro:bit på skulen, og gjerne også heime, i etterkant av besøket på Newton-rommet. Det vert skulen/læraren sitt ansvar å fylgje opp og drive arbeidet vidare. Oppgåvene er differensierte og legg opp til progresjon, samt tilpassa undervisning. Arbeidet på Newton-rommet vil gjere elevane i stand til å gjere desse oppgåvene utan alt for mykje instruksjon og støtte. 

 

Modulen er bygd på oppgåver frå Microsoft MakeCode for micro:bit og Lær Kidsa Koding. Se vedlagte linker.

 

Modulen er skriven slik at den fungerer både på micro:bit V1 og V2. Difor nyttar den ikkje dei funksjonane som har kome på V2.