I DRIFT

Newton Voss

Voss herad og Vestland fylkeskommune samarbeider om å tilby ei realfagoppleving litt utanom det vanlege for born og unge i Vossaregionen. Newton-rommet tek imot elevar frå grunnskule og vidaregåande skule for å arbeida praktisk med matematikk, naturfag og teknologi. Opplegga er knytt til læreplanen og me har som mål at alle som besøkjer oss skal ha stort læringsutbyte og gode læringsopplevingar.  


Newton-rommet held til i flotte lokale, med spanande inventar og topp moderne teknologisk utstyr. I tillegg har Newton-rommet tilgang på kantine og uteområde til leik.


Me tilbyr skuleåret 2021-2022 fylgjande modular/undervisningsopplegg:

Robotar og omkrins, for 6. trinn

Programmering: micro:bit fyrste møte, for 8. trinn (halv dag) 

- Programmering: micro:bit fordjuping, for 8. trinn 

Energisk! -Me utforskar energi, for 10. trinn

Problemløysing knytt til algoritmisk tenking i matematikk, VG1

Solceller og energi, VG1/Elektro og fysikkfaget  

Programmering micro:bit, VG1


Besøksinformasjon

Gymnasvegen 5 5700 Voss

Kontaktinformasjon

Ragnhild Blikberg

tlf: 94288589
[email protected]