Om rommet
Eier av Newton-rom
VLFK v/Voss gymnas
Om oss
Voss herad og Vestland fylkeskommune samarbeider om å tilby ei realfagoppleving litt utanom det vanlege for born og unge i Vossaregionen. Newton-rommet tek imot elevar frå grunnskule og vidaregåande skule for å arbeida praktisk med matematikk, naturfag og teknologi. Opplegga er knytt til læreplanen og me har som mål at alle som besøkjer oss skal ha stort læringsutbyte og gode læringsopplevingar.
Newton-rommet held til i flotte lokale, med spanande inventar og topp moderne teknologisk utstyr. I tillegg har Newton-rommet tilgang på kantine og uteområde til leik.
Me tilbyr fylgjande modular/undervisningsopplegg:
- Robotar og omkrins, for 6. trinn
- Programmering: micro:bit fyrste møte, for 8. trinn (halv dag)
- Programmering: micro:bit fordjuping, for 8. trinn (halv dag)
- Energisk! -Me utforskar energi, for 10. trinn
- Problemløysing knytt til algoritmisk tenking i matematikk, VG1