voss-microbit.jpg

Frå idé til ferdig modul

30 sep 2021

Newton Voss er stolte over sin nyleg godkjende modul «Micro:bit – fyrste møte», og fortel gjerne historia om kordan den blei til. – Det har vore ein lang og omfattande prosess, men me er godt fornøyde med resultatet, seier dei tre Newton-lærarane i Voss, Ragnhild Bliksberg, Trond Herfindal og Asle Kvestad.

 

– Ideen om ein micro:bit-modul kom som ein konsekvens av dei nye læreplanane, der programmering var innført som ein type digital kompetanse alle elevar skal læra å bruka, seier Ragnhild.

Historia startar med at Newton-rommet vart kontakta av Voss herad med spørsmål om dei kunne vera med på å bidra med opplæring i programmering. – Dette passa bra, fortsetter ho, for Newton-rommet på Voss er lokalisert på Voss gymnas, og skulen hadde nettopp kjøpt inn ein del micro:bit-utstyr.

I arbeidet med desse, såg dei kor tydeleg koplinga vart mellom programmering og umiddelbart synleg resultat. Dei tenkte difor at micro:bit-ar egna seg veldig godt som verktøy for å arbeide med programmering for elevar på ungdomstrinnet. Dermed gjekk dei høgt ut, og fekk Voss sparebank til å støtta 8. klassingane i heradet med kvar sin micro:bit.

– Så vart det vår oppgåve å lage eit godt pedagogisk opplegg, der elevane fekk læra algoritmisk tenking og programmering av micro:bit, fortel Asle vidare.

Våren 2020, under nedstenginga av skulane, vart det frigjort tid til eit «tungt forsking- og utviklingsarbeid». – Me bygde ei smittevenleg maskin som blandar saft og vatn utan at ein må trykke på nokon knappar. Dette gjorde det klart for oss kva moglegheiter som ligg i micro:bit. I denne perioden lærte me mykje, og såg konturane av ting som kunne verte ein modul, seier Trond.

Men programmering er eit breitt fagfelt, og det tok litt tid å få avgrensa temaet til noko dei tre lærarane synst var rett nivå og rett omfang for si elevgruppe.

Hausten 2020 blei alle 8. klassane i heradet invitert på besøk for å arbeide ein halv dag med programmering av micro:bit. Elevane fekk førearbeid innan algoritmisk tenking og programmering på kidsakoder.no. Då dei kom til Newton-rommet, vart alle micro:bit-ane høgtidleg avduka av ein legorobot. Så vart det utdeling av micro:bit til kvar enkelt elev, og deretter tre gode timar med innføring av programmering og bruk av micro:bits. Elevane arbeide så på eige hand med programmering i nokon månadar, før dei kom attende til Newton-rommet for ei endå meir praktisk tilnærming til programmering, ved å kopla til tilleggsutstyr til micro:bit-en.


– Då me utpå vinteren sette oss ned for å skrive opplegget om til modul, fann me ut at opplegget var veldig omfattande. Me fekk då veldig god hjelp hjå ped-teamet i Newton-administrasjonen til å sjå arbeidet litt «utan i frå», seier Trond.

Ragnhild og Asle nikkar og er einige.

– Dei kom blant anna med forslag om å dela opplegget i to modular, der den fyrste modulen skulle ha meir fokus på grunnleggande programmering, derav namnet Micro:Bit – fyrste møte. Eller sagt på ein annan måte - det ligg altså ein heildagsmodul i lufta i kjølvatnet av denne fyrste modulen, seier Ragnhild. – Me fekk også gode forslag om konkrete grep for å gje modulen «ei retning», og variasjon når det gjeld arbeidsmetodar, fortsetter ho.

– Ja, og ikkje gløym dei nyttige diskusjonane med ped-teamet rundt bruk av kjelder og eksternt materiale, skyt Asle inn.

Opplegget er allereie køyrt for alle 8. klassar på Voss. – Fordelen med å kunna gjenta eit opplegg, er at ein kan gjera refleksjonar undervegs, og deretter gjera justeringar, meiner Trond.

No er altså modulen godkjend og trygt på plass i modulbiblioteket, og trioen i Voss er samstemte: – Me håpar at andre Newton-rom også ynskjer å bruka modulen «Micro:bit – fyrste møte».

Modulen har 8. trinn som målgruppe.