Kven: Trond Herfindal
Trond (t.h) med kollegaene Asle Kvestad og Ragnhild Blikberg
– Kva for morgonrutinar har du?
– Kaffi og ein gjennomgang av dagens plan er vanleg å starte dagen med.
– Kva må du ha på arbeidspulten din?
– Det ligg normalt sett ein del komponentar til micro:bit der, kaffikoppar og ein del papir som skulle vore gjort noko med i går.
– Kva synest du er best med å vere Newton-lærer?
– Det gjev moglegheiter for å være kreativ og utvikle opplegg. Vidare er det veldig kjekt å kunne arbeide med opplegg fleire gongar slik at ein kan finslipe pedagogikken i dei.
– Ein får sjansen til å prøve ting fleire gongar og med ulike justeringar. Det gjer at ein kan få gode og interessant opplegg.
– Kva er det kjekkaste å lære bort?
– Me brukar eit IR-kamera til å vise at energi ikkje vert borte. Då slår me ein hammar hardt i ei voksplate og filmar. Ein ser då tydeleg at det vert varmare der hammaren treff (opp til 5 grader). Dette slår (bokstaveleg talt) alltid an, og er ei aha-oppleving for mange!
– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
– Det å ha ein kjekk dag er veldig viktig. Kjekk fordi dei har forstått ting som kanskje var uklart før dei kom. Gleda ved å få prøve nytt ustyr og få nye idear er viktig for lærarane som føljer med.
– Har du ei god historie frå Newton-rommet ditt?
– Ein av elevane som var her på robotar og omkrins vart brått vekke midt i opplegget. Etter å ha sokna litt, fann me ho att i ein korridor der ho var i gang med å køyre 100 rotasjonar for å få ein supernøyaktig verdi på omkrinsen til hjulet.
– Korleis kan vi motivera barn og unge til å velje realfag?
– Eg trur det me gjer på Newton-romma er ein god veg å gå. Gjennomarbeidde opplegg med ein klar retning og samstundes utforskande oppgåver.
– Det å vise dei at realfag har relevans for kvardagen deira, og samstundes er fullt mogleg å forstå, er motiverande.
– Kva jobbar du med no?
– Micro:bit opp og i mente. Me skriv på materiell til bruk for elevar som skal kome til oss for 2. gong. Dei skal få arbeide med Smart home-sett og lage diverse sensorstyrte mekanismar. Me har kjøpt dokkehus. I desse skal dører opp og att, lys styrast av mørke, og flagg heisast. Det blir kjekt!
– Vidare brukar me også litt tankekapasitet på VR-briller som skulen har. Kanskje dei er måten ein kan angripe temaet «Berekraftig utvikling» på? Det er jo high-tech, og relativt dyrt, så det vil passe fint om Newton-rom tilbyr slikt. Dei kan også ta deg dit du vil i verda på sekund, og diverse kjendisar og politikarar kunne bidra inni VR-verda osv. Draumen er at Greta Thunberg og ein eller annan tiktok-kjendis kan snakke til våre ungdommar i eit slikt fora. Her vil jo ein også kunne snakke med Newton-romma i dei andre landa, i VR!
– Korleis ladar du batteriane?
– Litt turar kringom i fjellet, og båt om sommaren, men mykje i sofaen. Har også kjøpt ein gitar som eg kikkar litt på innimellom.
– Kva er dine topp 3 ynskjer for dette året?
– Sjølvsagt å få normalisert ting i høve Covid-kaoset, men i Newton-samanheng vert det kjekt å få arbeidd meir med programmering. Vidare vert det kjekt med ei langhelg i Bodø.