Asle Newton Voss.jpg

Newton-lærar i fyr og flamme

16 mai 2023

Som Newton-lærar, IKT-konsulent og brannmann på deltid, har Asle i Newton Voss mange jern i ilden.

 

Kven: Asle Kvestad

Kor: Newton Voss i Vestland

Bakgrunn: Realist i ungdomsskule i 23 år. Er for tida IKT-konsulent i Voss herad.  Er deltidsbrannmann, så eg er også glad i brannslangar, brannbilar og hjelpa folk (og fe) i nød.

På privaten: Gift med Beate, har tre gutar på 16, 17 og 21 og ein labrador

Alder: Snart trettinitten

Newton-lærer siden: 2017


Mitt Newton-rom:
Ligg på Voss gymnas. Rommet er i Newton-drift torsdag og fredag, resten av tida er det skulen sitt fysikkrom. Voss gymnas er verdt eit besøk, vanskeleg å beskriva med ord.


– Kva for morgonrutinar har du? 

– Få opp gutta, lufte bikkja og drikke kaffi. 


–  Kva er din guilty pleasure? 

– Skam rammar meg sjeldan, men eg kan godt ta på solbriller, rulla ned vindauga på bilen og spela rock til alle eg køyrer forbi.


– Kva synest du er best med å vere Newton-lærar? 

– At ein sjølv er i aktivitet og at elevane er i aktivitet, og at ein får lov til å jobbe eit tema ein heil dag. Det er ikkje noko bakdel å ha veldig gode, kreative og fantastiske Newton-kollegaer.


– Kva er det kjekkaste å lære bort?   

– At ting kan skje på avstand fordi ein har lært litt programmering. Blikket til nokre 6.klassingar som får roboten til å køyre for fyrste gong er «priceless».


– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet?
– At dei har eit ynskje om å kunne koma attende til oss fordi dei har fått utfordra nysgjerrigheita si og vil ha meir. Eg håpar lærarar vert inspirert til å vera meir aktive i sine timar.


– Har du ei god historie frå Newton-rommet ditt? 

– Elev i 6. klasse: «Dette har vore den beste dagen!»….. «ikkje den beste dagen på skulen altså, men den beste dagen i mitt liv!» Det var også ganske gøy den gongen då ein skule hadde sendt med to lærarar og to assistentar  fordi «dette er ein vanskeleg klasse». På Newton-rommet var dei alt anna enn vanskelege.


 – Korleis kan vi motivera barn og unge til å velje realfag? 

– Me må lage gode modellar, fortelje dei gode historiene og heile tida prøve knyte det ein lærer opp mot det ein kan observere eller har opplevd. Då vil ein få eigarforhold til realfaga.

Asle-Voss_2.jpg

– Kva ville du jobba som dersom du ikkje var Newton-lærar?

– Jobbar no som IKT-konsulent ved sida av å vera Newton-lærar, så det er kanskje det rette svaret. Det hadde vore gøy å starte opp noko nytt med bruk av KI, eller kanskje heiltidsbrannmann? Eg er ikkje redd for å prøva noko nytt i alle fall.


– Korleis ladar du batteriane på fritida?
– Lytte til musikk og gå på tur med Pia (den omtala labradoren). 

 

– Nemn tre ting som står på din bucket-list? 

  1. Skaffa meg ein båt (snekke)

  2. Besøke slekta i USA.

  3. Padle Kvennovassdraget frå Røldal vest til Møsvatnet i aust.