UNDER PILOTERING
Newton Stord
Newton Stord er ein felles læringsarena for barn og unge i Stord kommune. Her blir det tilbydd praktisk undervisning i realfag i eit moderne undervisningslokale ved Nysæter ungdomsskule. Målet vårt er at dei som besøkjer Newton, skal få stort læringsutbyte og gode læringsopplevingar. Realfag er viktig og kjekt!
Newton-rommet opna i samband med skulestart hausten 2025 og vil ha pilotdrift skuleåret 2025–2026. I løpet av dette skuleåret vil målgruppene vere 6. og 9. trinn for alle elevane i kommunen.
Skuleåret 2026/2027 vil Newton-rommet Stord tilby undervisning til 9.trinn, 6.trinn og dei eldste i barnehagen.