Evaluering
Takk for besøket ditt i Newton-rommet!
Undervisninga i Newton-rommet skal vere av høg kvalitet. For heile tida å kunne gjere forbetringar, er vi avhengige av tilbakemeldingar frå både kontaktlærarar og elevar.
Etter undervisninga i Newton-rommet skal det gjennomførast ei evaluering av kontaktlæraren som var med elevane. Elevar frå 8. trinn og oppover skal i tillegg gjennomføre evaluering i eit eige skjema. For 1. til 7. trinn er det berre kontaktlæraren som fyller ut evalueringsskjemaet – ikkje elevane.
Klasselærarar
Som kontaktlærar er erfaringane dine med Newton-modulane svært viktige. Bruk gjerne kommentarfeltet på slutten av skjemaet til å utdjupe tilbakemeldingane. Undersøkinga tek om lag 5 minutt å svare på, og du svarar anonymt.
Link til evaluering for klasselærer

Elevar
Vi ønskjer å gi deg så god undervisning som mogleg. Som elev i vårt Newton-rom er tankane, meiningane og tilbakemeldingane dine viktige for oss. Det finst ikkje rette eller feil svar. Evalueringsskjemaet tek om lag 5 minutt å svare på, og du svarar anonymt.
Link til evaluering for elev
